mandag 27. april 2009

Dialog frå røyndomen

Bergljot: (Tungt angrande, etter heftig utbrot) Vilikke, mamma tykkjer det er dumt at ho vert så sint på deg.

Vilikke flakkar med augo, svarar ikkje.

Bergljot: Vilikke, sjå på mamma. Høyrer du kva eg seier? Er det noko me kan gjera for at mamma ikkje skal verta så sint, trur du?

Vilikke: (Framleis fjern i blikket) Men mamma, då!

Bergljot: (Litt meir myndig no) Kan hende me kan ha ein avtale om at du, Vilikke, byrjar å lyda av og til, og at mamma ikkje skal bli så fort sint?

Vilikke: (Ser for første gong beint på mor si) Kor mange dagar er det til jul?

Bergljot: (Oppgitt) Kva skal eg gjera for å få deg til å høyra kva eg seier og lyda?

Vilikke: (Oppløfta) Du kan jo gi meg svisker?

Ho er ikkje fire år enno, men ho har alt byrja å forhandla. Det slår meg at oppseding av ungar ikkje er for pyser. Og at eg truleg har tatt nokre snarvegar sidan ungen på alvor trur at eg er open for å betala henne for å oppføra seg.....

3 kommentarer:

Frk. Frekkesen sa...

Det er ikke bra å oppdra andres unger - og iallefall ikke på en blogg - men "lye litt oftere" og "bli litt mindre sint" er kanskje ikke så veldig konkret? Hvordan skal du merke at hun lyer litt mer, og hvordan skal hun legge merke til at du er litt mindre sint? Syns å be om svisker var det eneste rette i denne situasjonen. Konkret og fint.

Bergljot sa...

Du skal nå krangle på alt. Er det fordi du er en profesjonell voksen?

Frk. Frekkesen sa...

Ja