fredag 4. september 2009

Storm i tannglas?


Takk for all medkjensle i høve den vonde tanna mi. Den viser seg å vera halvdaud, så eg treng all den trøyst eg kan få. Den gilde tannlegen sa at det ikkje såg så verst ut inne i kjeften min. Då vart eg både byrg og glad. Men røntgenbiletet av helvetestanna synte diverre ei pinglete nerve som er i ferd med å trekkja seg i hop, og det tyder på at ho har tenkt å leggja inn årene for godt.

Truleg må eg rotfylla, og det ser eg ikkje spesielt ljost på. Enno tannlegen påstår at det ikkje gjer vondt, og at ho er temmeleg raus med dopet. For å seie det som det er, byrjar eg å verta klar for det meste, for tannverk er ikkje godt! Og eg klarer knapt nok å drikka kaffi!! Og utan kaffi vungerer ikkje hovudet mitt, og då kan dei like gjerne avliva meg.

Nå skal eg ikkje sutre meir om tanna, for det er mykje anna eg kan sutra om. Bilen min, til dømes, som for tida ikkje let seg opne frå førarsida. Det betyr at eg må krabba inn frå passasjersida. I går kagga eg hovudet i spegelen då eg utførte denne operasjonen og fekk donaldkul midt i panna.

Bilen har også byrja å bli vel varm. Det er ikkje bra. Når eg køyrer i kø, tippar temperaturnåla godt opp mot det raude feltet og eg sit med hjarta i halsen. I dag er det fredag og enda meir kø enn elles, så kan bli artig. Eg hugsar framleis godt den fredagen eg fekk motorstopp på E39, og det får meg til å verta varm og kald om ein annan.

Eg kan og sutra litt over den andre bilen vår, som berre startar når han vil. Og han vil sjeldan dersom det er eg som sit bak rattet. Ergo må han parkerast i nedoverbakke og rennast i gong, og det er ikkje alltid så lett å få til.

Nå har eg levert nok suring og grining for denne gongen. Det har og skjedd gilde ting dei siste dagane. Til dømes har me fått raudvin i hus, og i dag får me visst badekar også. For all del, det har stått der sidan me flytta inn, men ikkje tilkopla. Vonar dei ikkje sender han same skruen som har bora så mykje feil hjå oss tidlegare...

Vaniljedeigen har skrudd opp persienner i stova, på kjøkkenet og på vaskerommet, og det er ljos i mest alle rom no (vel. I dei viktigaste romma, iallfall). Dersom me no og får hyller i klesskapa til ungane, trur eg ting i større grad vil ramla på plass. Eg har stor tru på at dette kan koma til å skje alt denne helga.

Same kva som skjer i helga, ser eg føre meg at eg skal drikka vin i badekaret. Vaniljedeigen skal få koma oppi til meg om han set hyller inn i skåpa til ungane. Det vert vel vinn-vinn, det? Eller i det minste vin-vin?

3 kommentarer:

Snellå sa...

Oj. Det e godt du har rødvin og badekar. Eg ska flytta nå i helgå og syntes egentlig litt synd på meg sjøl fordi det e så mye greier å gjørr når ein flytte. Takk for perspektivet, eg ska skru møbler og vaska og prisa meg lykkelig for at bilen fortsatt går (eg må åg klyva inn fra passasjersiå. hekkans gir-stang.) og tennene sitte godt planta i brødskuffå. God bedring, og takk for at du skrive så morsomt om alt mulig rart.

Hilsen Rogalending i Utlendighet.

Fru Døscher sa...

Dakar. Det er tre år siden sist, så nå må også jeg komme meg til tannlegen. Og også jeg skal flytte i helga. Det er veldig fint at du er litt i forkant på både det ene og det andre, så bare fortsett å blogge om ting som er relevant for meg!

Bergljot sa...

Så snille de er! Ynskjer begge lukke til med flyttinga, vonar at de, i motsetnad til meg, har klesskap i dei nye residensane dykkar. Og at de har hat vit og forstand til å sortera (kasta) skikkeleg PÅ FØREHAND!