torsdag 12. mars 2009

Dagen derpå




Tusen, tusen takk, alle som kom meg i hug på førtiårsdagen min. Eg kan melda at eg er frisk og oppegåande, og at eg ikkje har vondt i knea, lårhalsane eller resten av lekamen.

Eg har mange pårørande og vener, det fekk eg stadfesta i går. Dei kom med gåver og trøyst og blomar og fine kort (det er ikkje til å tru kor mykje fint dei skriv i korta sine, men eg vel å tru kvart einaste ord). Meldingar på mobilen og fjesboka fekk eg og.

Til sumaren vert det fest!

2 kommentarer:

Madame Mim sa...

Kjekk'e feiring og go'e kager og - krelnett'e 40.åring.

Bergljot sa...

Det var ofseleg vakkert sagt. Takk.