mandag 7. september 2009

Nynorsk

Mine mest observante lesarar har kanskje merka seg at det har vore eitt og anna (vel. eigentleg berre eitt) innlegg på nynorsk den siste tida. Dette kan kanhende verke avskremmande på folk frå andre delar av landet enn det desentrale Vestlandet, men det får så vere. Det er nemleg ein grunn til at eg er språkforvirra.

Eg er byråkrat, nemleg. Tilsett i Staten. Det inneber at det er forventa at eg skal meistre begge målformer. I og med at eg er den einaste i lauget mitt som har bakgrunn frå grisgrendte strok, er det endåtil forventa at det er EG som skal stå for nynorsken hjå oss. Heilt åleine. Det er eit tungt ansvar for ei enkel landsens jente som ikkje har praktisert nynorsk på tjue år.

Vel. Eg arbeider ikkje berre for Staten og vert løna av skattebetalarane sine pengar, eg driv og med kommunikasjon. Det betyr at eg skriv ting for ålmenta, og at dette vert lagt ut på etaten sin nettstad og publisert i eit magasin.

Dette er stort sett gildt, men ein gong i året får me brev frå Språkrådet. Dei undrar seg uhorveleg over korleis me røktar språk hjå oss. Kvart år let me spørreskjemaet ligge til mest siste dag, før det vert ei sjokkoppteljing på slutten. Me kjem alltid dårleg ut på nynorskbiten, og så får eg, ruralrepresentanten, pålegg om å hugsa at eg må skriva meir nynorsk. Dei andre treng visst ikkje føreta seg noko som helst for å glede Sylfest.

Sidan det no går mot ny publikasjon, prøver eg å trene opp den nynorske delen av meg. For at det heile skal gli litt lettare. Eg fryktar at rettskrivinga og grammatikken er svak (for eg anar jo ikkje i kva retning nynorsken har flytta seg sidan eg sist praktiserte han rundt 1992), men vert det for halsbrekkande, er det vel nokon som gir beskjed. Sylfest, til dømes.

Vyrdesamt, Bergljot

3 kommentarer:

Frk. Frekkesen sa...

røynda er det finaste ordet på nynorsk.

Bergljot sa...

Ja. Men kva er eigentleg skilnaden på røynd og røyndom?

Anonym sa...

Ja, du kan godt øva deg litt. Setningane treng meir flyt. Håpar du ikkje tar det ille opp,dette er skrive i beste meining.
Helsing ein realist som ikkje kan skryta på seg å skriva så god nynorsk.