tirsdag 8. september 2009

Akvarium


I går tok vaniljedeigen seg ein liten spasertur oppetter byggefeltet for å sjå korleis den gromme, nye lampa i loftstova ser ut utanfrå. Han var godt nøgt med lampa, men litt meir betenkt over alt det andre han kunne sjå frå naboane sin ståstad. Det syner seg at med bur i eit akvarium.

Me har jo budd i øydemarka i over tre år, så me er ikkje vant til å verne oss mot innsyn. Me kjem ikkje på at glasa er gjennomsynlege frå utsida, på eit vis (vel. Snart er dei vel strengt tatt ikkje det, heller, kombinasjonen av vind og saltvatn gjev ikkje akkurat blanke vindauge).

Eg har bestemt meg for å gi blanke, tross alt skjer det ikkje så mykje spanande på innsida i huset mitt. Folk risikerer å sjå kva me ser på tv, men det uroar meg ikkje sidan me stort sett held oss til sømeleg underhaldning. Ikkje vert det koppulert oppetter veggene eller på benken, heller. Men me kjeftar og oppdreg på katten, ungane og kvarandre frå tid til annen, her gjeld det å legge seg i selen og ikkje gestikulere for brutalt. Eller utøve vald.

Kanskje eg skulle hatt meg ein sånn punchingball eller kva det no heiter på nynorsk.

2 kommentarer:

Frk. Frekkesen sa...

Tør jeg anbefale jordbærplast? Funke så ei kula, som det heter på nynorsk

Bergljot sa...

Men tar det ikke litt av utsikten?